150-årsjubileum for Sørlandets første folkehøgskole

Dato
1. oktober 2023
Tid
13:00 - 14:30
Sted
Austre Moland kirke

Nedenæs folkehøiskole, den første folkehøgskolen i landsdelen åpna på Skjulestad i Austre Moland 1. oktober 1873. Ivar Fløistad hadde tatt initiativet, og Viggo Ullmann var styrar på skolen. Etter to vintrar blei motstanden for stor og økonomien for dårleg, og skolen flytta vidare til Landvik. I dag lever denne skolen vidare som Seljord folkehøgskule, etter at Viggo Ullmann flytta dit i 1879. Fløistad blei seinare mangeårig ordførar i Østre Moland, og Viggo Ullmann blei stortingsmann og lagtingspresident.

Lanseringa av boka Gjennom hjertet til hjernen, av Jan Kløvstad. Boka blir gitt ut på Novus Forlag.  Boklansering, foredrag om skolen og det religiøse og politiske miljøet i distriktet. Allsong og song  ved Arendalskoret. 

Arendalskoret blei stifta i 1981 av songglade folk som mangla eit kor. I spissen var Deborah Jettestad og Rolf Saur. Saur blei dirigent gjennom heile 25 år. Arendalskoret er aktive i lokalsamfunnet med konsertar på Rådhuset og på institusjonar. Dette året har korets 60 medlemmer hatt seks konsertar i høve Arendal 300. Trygve Moe har ei stø hand både som dirigent og arrangør av songane. Kåseri om folkehøgskolen, åndskampen i Arendalsdistriktet og nasjonsbygginga ved Jan Kløvstad. Innlegg frå Folkehøgskoleforbundet og Seljord folkehøgskule.

Sal av boka. Meir om boka her

Arrangementet er gratis. 

Arrangør Austre Moland historielag

Arrangør

Austre Moland historielag